Dette er den største statlege overstyringa av kommunar, distrikt og lokaldemokrati eg veit om

Ordførarkandidat Stig Erlend Banken åtvarar mot utvida vern i Skjåk, slik Fylkesmanne  i Innlandet gjer framlegg om.

Ordførarkandidat Stig Erlend Banken åtvarar mot utvida vern i Skjåk, slik Fylkesmanne i Innlandet gjer framlegg om. Foto:

Av
DEL

lesarinnlagg (Gudbrandsdølen Dagningen)
Fylkesmannen i Innlandet har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å koma med forslag som kan vera supplerande verneområde til det vi allereie har i Innlandet. For Skjåk sin del har fylkesmannens miljøvernavdeling foreslått to store endringar som går ut på å endre verneforma i Ottadalen landskapsvernområde til nasjonalpark, og verne eit større område i Billingen frå Pollfoss til Nysætre på båe sider av Riksveg 15 og på oversida av Eldhusgrenda. Hovedbegrunnelsen er å knytte saman Breheimen og Reinheimen nasjonalpark med eit landskapsvernområde.

Ottadalen landskapsvernområde vart til som ei føresetnad for å akseptere vern utanom Reinheimen nasjonalpark. Skjåk har gjennom sin jordbrukshistorie vore avhengige av kunstig vatning, og har frå gamalt av bygt opp eit eineståande vatningssystem der fjellvatn har vorte regulert, og kunstige vatningsveigar har ført livgjevande vatn ned til dei enkelte gardsbruka. Som alt anna krev dette ettersyn, vedlikehald og utbetringar. Strengare verneform vil vanskeleggjera dette enda meir, sjølv om mykje er likt med nasjonalparkreglane. Ut frå dette ber eg fylkesmannen vise respekt for historikken og våre utfordringar, og la dagens verneform bestå.

Når det gjeld vern av Billingen, vil dette direkte røre ved eit utviklingsområde for Skjåk Kommune. Her er det mange veigar, setergrend, høgspentlinjer, hytter og regulert hytteområde, samt ei lang strekke der riksveg 15 går. Skjåk kommune er allereie i dag Noregs mest verna kommune. 80 % av arealet har ei eller anna verneform. Skjåk har allereie nok utfordringar med å kunne bruke det vesle området som står att.

Det er eit omfattande regelverk som legg forbod og store avgrensingar slik som soner i forhold til veigar, elver og grøv, innsjø, rasfare, flaumfare, kulturminne og jordvern. Til det som står att er fylkesmannen ivrig med å bruke sin innsigelsesrett der det blant anna vises til villrein og at området er i randsona til våre nasjonalparkar når kommunen vil utvikle sitt område.

Sjølv om fylkesmannen berre ser på det naturfaglege, er det betenkjeleg at han vurderar vern av Billingen, som er eit område med mange tekniske inngrep, og vernvil sperre for framtidig utvikling av området. Det verkar som at mykje vil hå meir, og at det er ingen magemål for miljøbyråkratane i sin iver etter å bandleggje store område som her i Skjåk der alt skjer på privat grunn. Sjølv for dei burde det ikkje vera så vanskeleg å sjå litt utover det naturfaglege.

Storsamfunnet bør ha respekt for den enkelte kommune og lokaldemokratiet med sine folkevalde organ. Det er ingen kommune som vil øydeleggja naturen vi er så glade i, men samtidig må vi få respekt for korleis vi vil utvikle vårt samfunn som skal ivareta alle omsyn på ein berekraftig måte. Difor er det uakseptabelt at kommunane ikkje har fått lov til å vera med i denne prosessen så langt.

Eg kan ikkje svare for dei andre kommunane, men eg har allereie nå forstått at det er mange som har reagert kraftig på det store omfanget dette forslaget har å seia for mange kommunar i Innlandet.

Eg håpar med dette at alle kommunepartia, regionane, fylkeskommunen og stortingsbenken vår reagerer samla på det som nå skjer. Av erfaring veit vi kor stor vekt dei føringane som fylkesmannen nå har sett, kjem til å få inn i den vidare behandlinga av saka.

Dagens blå regjering med klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen er ansvarlege for denne prosessen. Etter mitt syn må det som nå har skjedd leggjast bort og heile prosessen må starte på nytt, elles er dette den største statlege overstyring av kommunar, distrikt og lokaldemokrati eg veit om.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags