Det må vera lov å sjå på kvar einskild sak med såkalla fornuft

Illustrasjonsfoto frå Venabygdsfjellet.

Illustrasjonsfoto frå Venabygdsfjellet. Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. (Gudbrandsdølen Dagningen)

Det er debatt om ein setereigar på Jønnhalt i Ringebu får dele frå ei hytte på setereigedomen. Men Fylkesmannen og leiar i Villreinnemda går imot.

Det ser ut til at korkje den eine eller andre som er med på avgjerda, nokon gong har vore på Jønnhalt eller kjenner til kva aktivt seterbruk eigentleg er. Mjølkekua forlét Jønnhalt på 1990-talet, og med det seterbruket slik det eigentleg var (og etter mi meining burde vore meir av). Men sjølvsagt er setrene i bruk likevel, med beiting og hausting av vinterfôr, turisme med utleige, og hest m.a.

Dei seterhusa og hyttene som elles ligg på Jønnhalt, er jo elles stort sett berre brukt som fritidshus. Kva vil bli annleis om denne aktuelle hytta får ein annan eigar på papiret? Dessutan er det fleire titals hytter rett ovafor setergrenda frå før.

Vi som har dyr på beite her, og for til slått, er kjempeglade om det er folk på denne og andre hus på Jønnhalt. Med det veit vi at det er auge som ser, om det skulle vera noko med dyra eller at kjøttfe har brote seg inn på slåttekvea. Vi som diverre ikkje har eige seter her, kan ikkje vera der anna enn på tilsyn.

At det har vorte mykje større fokus på villreinen, er på høg tid. Men kva rolle har hytta på Jønnhalt i den samanheng? Eigarane vil neppe endre atferdsmønster om hytta blir frådelt. Når setereigaren også går inn for frådeling, kan det ikkje ha noko å seie for bruken av setra. Hytta har ikkje plass til fleire om det blir ny eigar.

Så kan vi sjå til kva som elles skjer på Venabygdsfjellet. For få år sia, vart det etablert eit hytteområde kalla Villreinen, nær snaufjellet lenger inn. Det blir bygd fleire og fleire hytter i andre område. Sikkert ikkje til bry for villreinen der dei står, men folka som bruker dei, reiser innover fjellet og går inn dit villreinen er!

Slik er det vanskeleg å forstå argumentasjonane som kjem fram i frådelingssaker for hytter og setrer. Nokre får selje gardsbruket og får delt ifrå setra til fritidsbruk. Andre, td ei lita hytte nærare bygda enn Jønnhalt, fekk avslag på å bygge på soverom. Akkurat som om eigarane skulle bli farlegare for villreinen, om dei fekk eit eige rom å sove i.

Vi støtter all god omtanke for villreinen og seterbruk. Men det må vera lov å sjå på kvar einskild sak med såkalla fornuft. Heller tenkje over kva den storstilte satsinga på hyttebygging gjer med både landbruk, villrein og naturen elles!

Fride Gunn Rudi, Ringebu




Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags