Reiselivet treng hjelp, ikkje berre koronahjelp

Av
DEL

aktuelt  (Gudbrandsdølen Dagningen)
Norsk fjellsenter arrangerte reiselivskonferansen Lomsløftet i 2019. Merksemda kring konferansen vart stor. Vi møtte motgang undervegs, men og medgang, og vi har sett klåre spor etter konferansen i norsk reiseliv.

Behovet for å drøfte tiltak for lågare klimautslepp og auka lokal verdiskaping i reiselivet, både var og er svært viktig. Aldri hadde klimautsleppa per turist i Norge vore høgare enn før 2019. Så kom koronaen. Norge, verda og reiselivet stengte ned. Tusenvis av turistar forsvann. Pandemien synte oss kor sårbar denne næringa er. Reiselivet har utvikla seg til å bli ei næring som i stor grad har basert seg på å frakte masser av turistar rundt kloden. Dei langvegsfarande turistane vart borte over natta, og reiselivet sto midt i ei stor krise.

Det er ikkje berekraftig å måle verdiskaping i mengder av turistar. Vi må sjå på kva turistane legg att av verdiar lokalt, og trekke frå klimautsleppa dei forårsakar på vegen til Norge. Reiser turistane rundt halve kloden og brukar ein dag i Norge, går ikkje reknestykket i pluss sjølv om dei er mange.

Det er ikkje berre koronaen som rammar reiselivet, det gjer også klimaendringane. Mykje av reiselivet er naturbasert, noko som gjer at næringa må tilpasse produkta til eit klima i endring. Masser av folk ved ein kalvande bre, eller i eit ras-utsett terreng, er ikkje ein situasjon nokon ynskjer seg. Minst av alt reiselivet.

Reiselivet treng hjelp til å bli tydelege og konkrete på kva tiltak og produkt som tek oss i rett retning for å bli eit reiseliv for framtida. Eit reiseliv som fokuserer på kvalitetsopplevingar utan å belaste natur og miljø, der verdiskapinga blir verande lokalt. I reiselivet skjer produksjon og forbruk på same stad, og turisme påverkar samfunnet det blir utøvd i. Reiselivet treng hjelp til å tenke på berekraft i ei tid der økonomiske bekymringar og drøymen om rask profitt kan bli altoppslukande.

Berekraftig reiseliv og berekraftige reisemål får vi ikkje før vi er villige til å sjå korleis det heng i hop. Berekraft er ikkje kun økonomi og mengder av tilreisande. Alle faktorar må vere på plass; natur, kultur og miljø, kvalitetsopplevingar, sosiale verdiar og samstundes økonomi. Greier ein få til det, kombinert med lågare klimautslepp og auka lokal verdiskaping, er reiselivet berekraftig.

Reiselivet treng forsking, deling av kunnskap og kompetanse om korleis ein driv berekraftig reiseliv. Så høge utslepp som reiselivet genererer, blir det ikkje berekraftig utan at ein får smarte og gode kollektive løysingar som gjer det greitt for turisten å velje det som eit alternativ.Da må vi slutte å rette marknadsføringa mot turistar som flyg kloden rundt for å oppleve reisemålet gjennom eit mobilkamera. Dei neste åra vil kanskje ikkje turistane fly så langt?

Både korona og klimautfordringar gjer at mange har fått augo opp for at reiselivet må marknadsførast på ein annan måte. Ein god sesong må målast i noko anna enn store mengder folk. Lokalsamfunna skal gle seg til ein ny sesong, og dei besøkande må sitte att med ei kjensle av at dei har vore med på noko unikt og ekte. Ei oppleving som andre etter dei også kan få ta del i.Vi håpar at vi kan arrangere Lomsløftet i 2021. Da er vi avhengig av samarbeidspartar som ser at dette er viktig. Vi fekk tydeleg merke at vi «trakka på tær» ved konferansen sin måte å utfordre på i 2019. Om vi må, gjer vi det på nytt!Skal Norge nå forpliktingane sine knytt til Parisavtala med 40% kutt i klimagassar innan 2030, må alle bli med på eit felles lyft for reiselivet. Vi håper det blir lettare etter koronaen – når alle likevel må tenkje nytt.

Mai Bakken, dagleg leiar, Norsk fjellsenter/Klimapark 2469 AS

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags